Stadion
Klubben din kjem til å starta med eit lite stadion. Dette kan du driva på og byggja ut gjennom heile Hattrick-karrieren din. På stadionsida kan du sjå og styra alle detaljar rundt stadionet ditt.
Inntekter og utgifter
Stadionet ditt kan ha fire typar tribunar, som kvar kan gje sine inntekter og utgifter kvar veke (og utgiftene må du alltid betala).
|
Inntekter
|
Utgifter kvar veke
|
Ståplassar
|
7 US$
|
0.5 US$
|
Vanlege sitjeplassar
|
10 US$
|
0.7 US$
|
Sitjeplassar under tak
|
19 US$
|
1 US$
|
Plassar i VIP-boksar
|
35 US$
|
2.5 US$
|
I kamprapportane frå heimekampane dine kan du sjå kor mange plassar som vart selde i kvar kategori. Inntekta frå kampane vert fordelt ulikt mellom klubbane, alt etter kva type kamp det er:
Seriekampar: Heimelaget tek heile inntekta.
Cup-kampar: Heimelaget tek 67% av inntektene og bortelaget får 33%, bortsett frå i dei siste 6 rundane som vert spela på nøytral bane. Inntektene på dei kampane vert delt likt.
Treningskampar og kvalifiseringskampar: Inntekta vert delt likt.
Tilskodartal
Tilskodartalet på kampane dine kjem stort sett an på tilhengjarane dine. Kor stor supporterklubben er og kva humør tilhejngjarane er i, er dei viktigaste faktorane. Kva plass du har på tabellen, og korleis tett du og motstandaren din ligg på tabellen, er òg viktig (for seriekampar).
Tilhengjarane til motstandaren din kan til ein viss grad ha noko å seia, sidan nokre av dei òg kan ynskja å sjå kampen. Det er òg verdt å få med seg at tilhengjarane vil vera meir interesserte i å få med seg kampane, dess lenger ut i sesongen ein er komen. Du vil vanlegvis få fleire tilskodarar på slutten av sesongen enn i byrjinga.
Sjølvsagt spelar også vêret ei rolle. Det kjem færre tilskodarar i dårleg vêr, men til gjengjeld vil dei som kjem, kjøpa dyrare billettar, sidan dei helst vil sitja under tak. Det er difor mogleg at inntektene dine vil vera omtrent like frå kamp til kamp, same korleis vêret er, så sant det finst nok plassar under tak.
Utbyggjing av stadion
For å byggja ut stadion må du be eit byggjefirma om å gjera arbeidet. Det vil ta noko tid - ei veke eller meir - det kjem an på kor stor utbyggjinga er. Alle dei eksisterande tribunene er tilgjengelege i byggjetida. Du betaler ein fast pris på 10 000 US$ pr utbyggjing, saman med ein kostnad for kvar plass du vil byggja eller fjerna.
|
Ombyggjingskostnad
|
Rivingskostnad
|
Ståplassar
|
45 US$
|
6 US$
|
Vanlege sitjeplassar
|
75 US$
|
6 US$
|
Sitjeplassar under tak
|
90 US$
|
6 US$
|
Plassar i VIP-boksar
|
300 US$
|
6 US$
|
Det er ein god idé å ha fleire typar plassar å by tilskodarane dine. Dei fleste vil kjøpa billettar til dei vanlege sitjeplassane, difor er det lurt å ha flest av den typen plassar.
Men nokre tilskodarar vil berre koma på kampar dersom dei får ekstra gode plassar (nokre krev til og med tak over hovudet!). Difor kan det vera lurt å ha ein del sitjeplassar under tak. Det er òg nokre som berre vil ha det beste, og som krev stilige VIP-losjar. Sjølv om det ikkje er så mange av desse, vil du helst ikkje gløyma dei. Tilskodarane som søkjer til sitjeplassane under tak og VIP-losjane, vert ikkje like lett skremde av dårleg vêr som dei andre tilskodarane.